søndag 28. november 2010

Det er ein gledens dag!




Hei hei mine vener. ja i dag er den store dagen. Asbjørn har burdsdag og det tydar masse herleg innpakningspapir og bånd. Og det beste var julekalenderen. For når han skal ut og reise tysdag til fredag, må han opna 3 pakker i dag. Og ja den eine var til meg!!!! Det er den tøffeste leiken eg har. Sjå berre på bildene. Det som er dumt er at dei er så forkjølte og hoster slik. Eg vert nesten redd når Hanna hoster så frykteleg. Jaja det går vel over. No orker eg ikkje og skriva meir. Det vert meir når fleire kalenderpakkar vert opna. Og det beste, alle pakkane har slike fine bånd. Og dei er så morsomme og leike med. Eg har det som plomma i egget om dagen.

1 kommentar: