fredag 31. desember 2010

Eg fekk ei mus i julegåve!!!



Ja i den flotte gåva eg fekk til jul var det ei lita mus!! Den er skikkeleg tøff!

torsdag 23. desember 2010

Eg er ein heldigpus!!


I går fekk eg pakke i posten. Den er berre til meg, som eg skal opna på julafta. Pakka var frå Rena!! Tusen takk bestemor!

snø i pelsen - grr!



No snør snør og snør det. Og eg er ute og leiker i snøen. Det er gøy! Det dumme er at eg får snøklumper i pelsen!!! Og no har eg eit svare strev med å vaske dei av. Og når eg ikkje får av meir plar eg og leggja meg på Asbjørn så han vert heilt blaut, hehe. Jaja det vert vel vår ein gong.

tirsdag 14. desember 2010

Eg og juleblomane


Er eg ikkje fin?

her er fin plass til meg :)


I går kveld etter eg hadde sagt god natt til Hanna, gjekk eg til badet att og la meg oppi vasken. Eg fann nemleg ut at den må vera laga til meg!! Ikkje?

mandag 13. desember 2010

stabla ved og ete kjøttboller


Ja som sagt er eg ein restepus. Og kjøttboller med saus og potetstappe er snadder. Og i kveld har eg vore med og stabla ved!! Så morosamt når Asbjørn og Hanna er med ut :)

søndag 12. desember 2010

Ein kebabpus??



Eg er ein restepus - og i dag fekk eg kebab! Strålande mat.

tirsdag 7. desember 2010

No kan eg avsløre julekortet mitt!


Ja årets julehelsing vert framifrå flott med bilete av meg!!! Eg er jo ein flott pus. På dette bilete er eg nok ikkje meir enn 3 mnd.

mandag 6. desember 2010

Uff, no har eg vore slem


Ja no må eg berre inrømme mine synder. Ah, dei må ikkje leggja poser med smultringer i midt i trappa!! Så klart eg fekk opp posen og hadde meg eit herremåltid med ferske gode deiliege smultringer. Trur dei eg er dum???

søndag 5. desember 2010

Julenisseelg til veggs....


Nisser prøver og ta plassen min! Her er det eg som plar ligga!!! Difor har eg stilt denne nisseelgen til veggs!

Julekalender 2010


Ja eigentleg har me heldt på ei stund. Men eg kom på at eg ikkje hadde blogga bilete av heile kalenderen. Og i morgon skal Asbjørn ut og reise att, så då vert det opning av 5., 6., 7. og 8. desember i dag! Håhå det vert stas. Og då må det vel bli ei pakka til meg og.

fredag 3. desember 2010

No er det visst jul!


Ja no har det komen opp raude nisser og blomer og lys og ja. Ja også den tøffe kalenderen då. Åh, tøft! I morgon kjem Asbjørn heim, så då kan me opna fleire pakker! Og no har det seg slik at nokre nisser har teke favorittplassen min i vindaugskarmen. Det liker eg slett ikkje. Eg prøver så godt eg kan og skubbe dei vekk. Og i dag oppdaga eg ei nisse i vindaugskarmen som eg kunne slost med!! Og marsipanpølsene med sjokoladetrekk har eg alt smakt på. Dei var riktig så gode. No er det best dei ikkje sett opp meir julepynt, det er nok.