onsdag 27. oktober 2010

Sovekasse :)



No har eg endeleg fått vera litt ute att. I dag var eg til og med ute i mørket. No ligg eg og søv i nedre del av reisekassa mi. Det er eigentleg ein ganske fin plass. Trygt og greit liksom.
Også har eg prøvd og drepe buksa til Asbjørn. Han har ei morsom turbukse på i dag, den er så kjekk og klatre i. Ein gong tok eg eit skikkeleg bakholdsangrep, hehe. Eg skal verta ein flink jaktpus :)

tirsdag 26. oktober 2010

Hei, hei att :)

Ja no er det lenge sia eg har skrive i dagboka mi. Eg har vore på feriekoloni!!! Det var kjekt altså. Men der fekk eg ikkje skrive. Men eg har vore både ein snill pus og ein umuligpus.... Dei hadde ei lampe der som hadde eit slags handtak. Og det var heilt fantastisk og turne i!!! Oppå bordet sjølvsagt. Også hadde dei nokon tøffe skuffer som eg fekk opp, og der var det skikkeleg artig og sitte oppi. Men eg var snilll pus og, om natta. Eg låg ved sida av hovudputa heile natta, untatt ei natt då eg prøvde lampa, hehe. Og no er me heime att både eg og dei som ordner for meg. Og no har eg funne ein fin avslappningsplass, nemleg oppi den eine delen av reiseburet mitt!! Det har vore ei kjekk veke. Vonar "feriekolonibestyreren" hadde det kjekt og.

torsdag 7. oktober 2010

Kven er denne blomen frå mon tru?


Ah, så mykje dill dei har på bordet!Lys, fruktfat, blomer og servietter. Er dette noko for meg tru??

Eg digger esker!!



Stilig21534+98 (dette skreiv eg sjølv) No har dei fått ein ny eske. Ah, det er så morosamt. Innhaldet var visst ikkje til meg, men eg fekk esken. Og den er enda morsommere enn ballbingen min. Også hadde dei kake i dag. Men den kom eg meg ikkje inni. Ah, alt som er stengt for ein pus.

søndag 3. oktober 2010

Ikkje bry dykk, eg søv!!


Ah, alltid skal de masa når eg søv. Eg søv akkurat slik eg vil. Basta. Om det er på rygg eller mage speler det inga rolle, la meg få sova i fred.