søndag 28. november 2010

Det er ein gledens dag!




Hei hei mine vener. ja i dag er den store dagen. Asbjørn har burdsdag og det tydar masse herleg innpakningspapir og bånd. Og det beste var julekalenderen. For når han skal ut og reise tysdag til fredag, må han opna 3 pakker i dag. Og ja den eine var til meg!!!! Det er den tøffeste leiken eg har. Sjå berre på bildene. Det som er dumt er at dei er så forkjølte og hoster slik. Eg vert nesten redd når Hanna hoster så frykteleg. Jaja det går vel over. No orker eg ikkje og skriva meir. Det vert meir når fleire kalenderpakkar vert opna. Og det beste, alle pakkane har slike fine bånd. Og dei er så morsomme og leike med. Eg har det som plomma i egget om dagen.

lørdag 27. november 2010

Eg vert so trøytt av å lesa avisa



Ja no er det vorte lite dagbokskriving i det siste. Det er så kaldt ute så! Så no er eg mykje inne. Det er så mykje anna og halda på med her. Og midt på føremiddagen når Hanna og Asbjørn er på jobb hender det ofte at eg tek meg ein tur opp i senga deira. Det er så klaldt i huset når dei ikkje er her. Eg har forresten og byrja og leggja meg litt tidleg no. Det kjem seg av det eg vil gjerne vera utkvilt til å finna på pøbelstrekar før Hanna og Asbjørn har vakna. Så når klokka nærmar seg 21, tusler eg opp i senga og legg meg anten på hovudputa til Asbjørn eller midt i senga til Hanna. Eg trur dei synest det er rart at eg plutseleg går og legg meg liksom. Jaja og så til deg eg skulle skrive om i dag. Det har seg slik at eg er ein ivrig avislesar, og H og A har byrja og få BT i postkasa laurdag og sundag. Men eg vert so sliten når eg les. Så frykteleg trøytt.
Åh, eg gler meg til i morgon, då er den store opning av julekalenderen. Asbjørn må nemleg dele med meg i år!!!! Men eigentleg får eg gåve kvar dag, for eg digger papir, spesielt jolepapir. Ah, det vert så moro. Eg skal love og blogge om kalenderen. Me snakkast :)

mandag 15. november 2010

Mi fyrste natt ute

No har eg hatt mi fyrste natt utandørs. Ja Hanna ropte og ropte men eg var oppteken av og leike i buskane. Då kom det ein annan pus, men heldigvis fekk ikkje han koma inn. Det er berre eg som bur i løkjen 25! Ingen andre puser, basta! Men på laurdagsmorgonen kom eg inn att. Eg hadde vore litt i garasjen, men eg hadde halde på med noko anna og, som er hemleg. Men er var svolten, eg åt og åt, både torskepåse og kalkunpåse. Og heile dagen sov eg. Eg måtte kose litt innimellom då sjølvsagt.
Eg trur eg er vorte ein ranglepus. Jaja kjær pus har mange namn.

tirsdag 9. november 2010

ikkje noko arrangert bilete nei!!


Hehe, dette er ein pus som førebels ikkje klatrar i gardinane. Det kan ha noko med at me berre har gardiner på kjøkenet og dei byrjer midt på veggen. Han var litt interessert i gardina og ein tråd som hang, men eg fekk ikkje til noko anna bilete enn dette. Men godt nok. Også så lenge sidan eg har blogga no. No som eg og Hanna er heime alene og koser oss. Og eg er ute i mørkret og koser meg. I helgene får eg vera ute om formiddagen, men når veka kjem må eg vera inne heile dagen medan eierane mine er på jobb. Trur dei tjener penger til kattemat til meg. Det er flott! Men så plutseleg var det måndag og då fekk eg ikkje gå ut på morgonen. Eg remja og remja slik at dei skulle sleppe meg ut, men det gjekk ikkje. I mi verd er det ikkje noko skilnad på helg og kvardag.
Eg har forresten byrja og forstå når det er leggetid, og er ikkje Hanna komen heim får eg gå opp aleine då. Men så kjem ho og då hopper eg ned frå senga, eg trudde det var natt eg. Jaja det var ikkkje så langt unna.