torsdag 29. juli 2010

Ups! Eg tok feil av do og leikeplassen

I dag måtte eg bade! Eg kom til å taka feil av do og leikeplass. Nokre uhell må eg ha lov å ha. Eg veit ikkje heilt om eg likte og bada. Det var liksom så vått. Nett slik som det er ute nokre gonger, etter at matfar seier det har kome noko dei kallar regn. Det er rart. Vått og kaldt. Det blaute som eg bada i var ikkje so kaldt. Men eg fekk frykteleg tynne bein. Og så vart eg noko dei kalla rein. Hmm so rar denne verda er.

tirsdag 27. juli 2010

Mormor mi





Her er nokre bilete av mormor mi som den komande matfaren min har teke. Er ho ikkje fin?

mandag 26. juli 2010

Sølvpilen

Eg treng og ein ny heim. vil du ha meg? Eg er en skikkeleg søt pus.

Junior

Er det nokon som vil ha meg?? Eg treng ein heim.

Syskena mine har ingen heim

Dei to søte syskena mine ynskjer seg ein heim dei og. Vil ikkje du ha dei?? Åh, dei er so søte sjå berre på videoene her: Og dei kan bringast til den nye heimen.

fredag 23. juli 2010

I går var dei nye foreldra mine på vitjing


No har dei nye foreldra mine helst på meg att. Moro for dei og sjå kor tøff eg er!! Her kan du sjå nokre bilete og ein video av meg.

fredag 16. juli 2010

mandag 12. juli 2010

Uteservering!!

Jess i dag fekk eg mat ute, det likte eg. Det var nesten som uteservering, hehe. Eg hopper og klatrer og plutseleg så sovner eg..... så bra at snille Ragnhild vil leke med meg. Kjetil, Anette og Bjørn-Erik som er dei andre førebelse eierane mine er og snille.

Eg liker ikkje støvsuging

I går måtte plutseleg ei av menneksa nytta ein svær maskin som bråkte heilt infernalsk!!! Dei kunne vel gå ut og gjere det? Eg forta meg vaffal ut i boden og fann ein roleg stad. Vonar det er leeenge til neste gong dei skal nytta denne bråkegreia.

lørdag 10. juli 2010

tull og tøys


Dagane går med til lek og akrobatikk i gardiner og ryer. Mennneska har nokon morosame saker og utforske. I dag hoppa eg oppi noko som heiter sofa heilt uten hjelp. Det var ganske morsomt.

torsdag 8. juli 2010

Utandørs


I dag har eg vore ute ein tur. Mor var med og hjalp meg når eg ikkje visste heilt kva eg skulle gjere. Tar ein tur til i morgon.

onsdag 7. juli 2010

Besteforeldra mine på vitjing

I går var besteforeldra mine på vitjing i den nye heimen min :) sjølvsagt måtte dei sjekke at det er gode høve for meg. Ikkje so gale fekk eg melding om då dei kom heim. Dei nye foreldra mine hadde allereie kjøpt skåler, soveplass, reisebur og i daghar dei og kjøpt do. Ah, der skal det verta kjekt å bu. Eg gler meg. Vonar det er gode gardiner og klatre i, hehe. Og filleryer å drepa.

kattemat er ikkje so gale


No har eg byrja og eta kattemat. Dette bilete har Bjørn-Erik tatt av meg. Eg liker han og dei andre som passer på meg men dei seier dei ikkje kan ha meg. Eg prøvde og drepe ei fillerye og, det var ganske morosamt. Gardiner er eg ein reser til å klatre i. Eg når snart toppen. Kan hende dei nye eiarane berre skal droppe og henge opp gardiner.

Gustav kjem


Om ca 5 veker får eg ny heim. Det vert flott! Berre dei har gardiner og klatre i. Eg kan mest seia eg gler meg. Mjaaaau.