mandag 27. september 2010

enda meir hekk



Ja no er hekken ferdig. Ah, eg har hatt herlege dagar ute. Vonar dei ikkje er ferdige ute i hagen, for dette er morsomt. Eg fann ein fin plass og bomelomme og, oppi bøtta som Asbjørn hadde jord oppi! Sjå berre på bilete.

søndag 26. september 2010

Hekk




Ja no er dei snart halvvegs på hekken. Eg synest det er frykteleg morosamt og vera med dei ute. Og ein gong så såg eg at Hanna grov eit hol i bedet sikkert for ei ny plante, og da såg eg ei mogleghet for å bomelomme litt der. Eg trudde ho laga hol til meg. Ikkje? Her på bilete passar eg på sortsurbæra til dei kjem og byrjar og plante ned flerie. Her har eg og god utsikt til gangveien. Eg er ein lukkeelg pus no. Eg har haldt på ute i heile helga!!

torsdag 23. september 2010

Go morgen yoghurt er godt



Ah, det er så godt med yoghurt. Og det beste er om eg får tak i musli! Eg liker ikkje mjølk men joghurt er fantastisk!!

Ah, det er så vått ute



Men det gjør ingenting. Eg vil være ute dermed basta!! Uansett om himlens sluser åpner seg og eg vert blaut i pelsen. Eg kan nemleg varme meg på Asbjørn, hehe.

mandag 20. september 2010

Eg klatrar i trea





I dag har eg klatra høgt i eit tre!! Det var ganske tøft. Eg hadde skikkeleg godt oversyn. Og plutseleg kom det ein Hansepus og ville klatre han med. Me klatra og leika og hadde det so kjekt. Flotte opplevinger for ein tøffingpus som meg. Eg skulle visa kor tøff eg var som klatra so høgt.

Grønsakskassa er fin og gjere frå seg i



Heilt til no har eg gått inn i kassa mi når eg skulle bomelom eller bomelim. Men i dag fann eg ein fin plass til dette formålet, grønsakskassa som byrjar og verta tom. Tenkj så genialt. No slepp eg og gå inn for å gjera dette. Hmm spørs om eg hugser det i morgon når eg er ute.

Eg leiker i kurven for reint tøy ein gong til


Først etter eg hadde leika ei stund fant eg ut at Asbjørn filma meg. Filmer du? Det skal eg ikkje ha noko av. Det kan du berre slutta med!

lørdag 18. september 2010

Eg leiker i kurven for reint tøy



Ja eg leiker jo over alt. Og en dag sto denne flotte kurven i stova. Eg hadde og ei anna oppleving i dag. Eg datt ned frå taket i garasjen. Det var ikkje godt i det heile. Eg føler meg ganske mørbanka, og vil berre sova i tårnet mitt.

fredag 17. september 2010

Eg har fått ein leikekamerat!




Eller tør eg og leika med han? Han er ikkje så veldig mykje større enn meg. Åh, men etter kvart vart det så moro. Men så måtte eg inn, og då peip eg og peip. Eg ville ut att ått leikekameraten min. Asbjørn tok nokre fine bileter av meg og han. Han var så blaut så han vaska seg og vaska seg. Eg trur han ville ta vekk det blaute. Det var ikkje så lett. Kanskje me kan leika meir i morgon??

tirsdag 14. september 2010

Mary kay :)



No har eg vore med på Mary kay party og! Eg og Asbjørn skulle eigentleg vera i garasjen og i loftsstova, men sidan eg er ein nysgjerrigpus måtte eg helsa på damene. Eg snuste på kofferten og oppi veska til dama. Det var så msse kjekke dufter. Ah, håper Hanna kjøpte mange fine kremer.

fredag 10. september 2010

Eg er ein vaktpus!!

I dag jaga eg ein liten grå pus, litt større enn meg sjøl. Eg jaga han vekk frå garasjen min!!! Eg flaug etter han et godt stykke bortetter vegen. Og kom attende bratt i nakken! Eg måtte berre vise kven som er sjefen!

onsdag 8. september 2010

Garasjepus


Eg er igrunn vorte glad i garasjen. Der er det så mykje kjekke ting og snuse på og gjøyme seg bak. Eg gjekk oppå loftet og bortetter ein planke, og der fann eg ein fin plass. Eg søv gjerne der og eg.

Eg har funne ei solstråle :)


Etter frukost i dag fann eg ei solstråle attmed ovnen. Er eg ikkje pen? Trur nesten eg er litt fotogen....

Eg har funne ei solstårl

mandag 6. september 2010

Eg leiker med blomene




Eg har nokre flotte blomer og turne i. Eigeren min er ikkje så glad for det men.

torsdag 2. september 2010

No har eg snakka med pusen i vindauget :)

Før i dag sat eg på toppen av klatrestativet mitt og såg ut glaset. Der var det ein annan pus. Eigentleg trur eg det var speglbilete, men veit eg ikkje. Eg mjau, mjau og hoppa opp og ned og hadde eigentleg tenkt og drepa han. Av og til kjem denne pusen på vitjing, men det er berre når eg står framfor vindauget om kvelden eller framfor spegelen i gangen. Hmm rart det der.

onsdag 1. september 2010

Eg fekk ei eske!!!




I dag kom Hanna heim med ein stor eske. Ah, den var spanande!!!