lørdag 27. november 2010

Eg vert so trøytt av å lesa avisa



Ja no er det vorte lite dagbokskriving i det siste. Det er så kaldt ute så! Så no er eg mykje inne. Det er så mykje anna og halda på med her. Og midt på føremiddagen når Hanna og Asbjørn er på jobb hender det ofte at eg tek meg ein tur opp i senga deira. Det er så klaldt i huset når dei ikkje er her. Eg har forresten og byrja og leggja meg litt tidleg no. Det kjem seg av det eg vil gjerne vera utkvilt til å finna på pøbelstrekar før Hanna og Asbjørn har vakna. Så når klokka nærmar seg 21, tusler eg opp i senga og legg meg anten på hovudputa til Asbjørn eller midt i senga til Hanna. Eg trur dei synest det er rart at eg plutseleg går og legg meg liksom. Jaja og så til deg eg skulle skrive om i dag. Det har seg slik at eg er ein ivrig avislesar, og H og A har byrja og få BT i postkasa laurdag og sundag. Men eg vert so sliten når eg les. Så frykteleg trøytt.
Åh, eg gler meg til i morgon, då er den store opning av julekalenderen. Asbjørn må nemleg dele med meg i år!!!! Men eigentleg får eg gåve kvar dag, for eg digger papir, spesielt jolepapir. Ah, det vert så moro. Eg skal love og blogge om kalenderen. Me snakkast :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar