søndag 9. januar 2011

Tysdag skulle dei eigentleg ta vekk mandommen min!

Æsj ja, det må visst til. Men på tysdag og nokre dagar før hadde eg ein svær byll full av verk og då kunne dei ikkje gjere meg steril. Men vetrinæren tok vekk klompen og ordna meg og eg fekk pencilin. Eg var rar heile kvelden. Og då Asbjørn skulle gje meg pencilin dagen etter var det eigentleg ganske greit. Eg synest eigentleg slike rindinger er ganske godt. Og etterpå då kjem alltid snop!! Og i dag var eg på klinikken att og då skulle dei kastrere meg om infeksjonen var fin. Og det gjekk heilt fint. Så no er det gjort. Berre eg får komma ut no så vert eg glad. Ja eg masar og masar men dei vil ikkje sleppe meg ut. Eg får heldigvis masse god mat då. For eg vert såååå sulten av å vere hjå vetrinæren. No er det berre såvidt eg klarar å hoppe opp på stolen og i sofaen og slik. Jaja i morgon er eg nok ein frisk og rask pus att.