fredag 3. desember 2010

No er det visst jul!


Ja no har det komen opp raude nisser og blomer og lys og ja. Ja også den tøffe kalenderen då. Åh, tøft! I morgon kjem Asbjørn heim, så då kan me opna fleire pakker! Og no har det seg slik at nokre nisser har teke favorittplassen min i vindaugskarmen. Det liker eg slett ikkje. Eg prøver så godt eg kan og skubbe dei vekk. Og i dag oppdaga eg ei nisse i vindaugskarmen som eg kunne slost med!! Og marsipanpølsene med sjokoladetrekk har eg alt smakt på. Dei var riktig så gode. No er det best dei ikkje sett opp meir julepynt, det er nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar