mandag 15. november 2010

Mi fyrste natt ute

No har eg hatt mi fyrste natt utandørs. Ja Hanna ropte og ropte men eg var oppteken av og leike i buskane. Då kom det ein annan pus, men heldigvis fekk ikkje han koma inn. Det er berre eg som bur i løkjen 25! Ingen andre puser, basta! Men på laurdagsmorgonen kom eg inn att. Eg hadde vore litt i garasjen, men eg hadde halde på med noko anna og, som er hemleg. Men er var svolten, eg åt og åt, både torskepåse og kalkunpåse. Og heile dagen sov eg. Eg måtte kose litt innimellom då sjølvsagt.
Eg trur eg er vorte ein ranglepus. Jaja kjær pus har mange namn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar