lørdag 2. april 2011

no legg eg ned denne bloggen

For at det skal verta enklare og for at eg skal kunna ha ein bokblogg, slår eg saman katte og hagebloggen.

lørdag 12. mars 2011

eg vil ha mat no!!


Av og til er dei så treige med å gi meg mat at eg må faktisk hoppe opp på benken og møte maten. På denne måten får eg maten først!!!

søndag 6. mars 2011

Eg er ein loppelanger!!


Ja no er eg mykje ute i skogen om dagen. No i helga har det vore litt sol. Og på laurdag var Asbjørn lenge ute og gravde ei laaaang grøft. Noko spesielt Hanna ikkje liker så godt er at eg har med meg lopper inn. Eg gjer dei raude flekker som visstnok klør noko heilt forferdeleg. Jaja det må dei tåle.

søndag 9. januar 2011

Tysdag skulle dei eigentleg ta vekk mandommen min!

Æsj ja, det må visst til. Men på tysdag og nokre dagar før hadde eg ein svær byll full av verk og då kunne dei ikkje gjere meg steril. Men vetrinæren tok vekk klompen og ordna meg og eg fekk pencilin. Eg var rar heile kvelden. Og då Asbjørn skulle gje meg pencilin dagen etter var det eigentleg ganske greit. Eg synest eigentleg slike rindinger er ganske godt. Og etterpå då kjem alltid snop!! Og i dag var eg på klinikken att og då skulle dei kastrere meg om infeksjonen var fin. Og det gjekk heilt fint. Så no er det gjort. Berre eg får komma ut no så vert eg glad. Ja eg masar og masar men dei vil ikkje sleppe meg ut. Eg får heldigvis masse god mat då. For eg vert såååå sulten av å vere hjå vetrinæren. No er det berre såvidt eg klarar å hoppe opp på stolen og i sofaen og slik. Jaja i morgon er eg nok ein frisk og rask pus att.