mandag 30. august 2010

lørdag 28. august 2010

fredag 27. august 2010

Leikar med vatn



Eigentleg er ein ganske vekkskjemd pus. Men det har de vel allereie skjønt. Eg fekk sjå på vatnet som rant i vasken. Og det var kjekt altså. Sjå berre på bileta.

Gryteskåpet


Ein kveld dei dreiv og sette gryter inn i gryteskåpet klarte eg å hoppa inni. Ah, eg synest alt er så spanande, eg er ein skikkeleg nysjerrigpus. Det har Hanna sagt.

Eg prøvde å skrive mail :)

I dag har eg prøvd å skrive mail. Til Gerd danielsen. Det er venninna mi. Men eg fekk ikkje send han. Hadde eigentleg tenkt å skrive ein kjærleiksmail, men bokstavane på pcen er så vanskeleg og få til. Hmm eg får prøva meir ein annan dag.

Eg har funne meg ei soveplass


Hei. No har eg funne meg ein ny soveplass i vindaugskarmen. Ved sida av orkideen. Eg måtte drepe ein pyntesjiraff først, men det gjekk greit.

tirsdag 24. august 2010

I dag har eg fanga edderkoppar



Ja det er edderkopper i huset hos meg. Dei smakar faktisk ganske godt. Sjå meg i aksjon på bileta. No prøvde eg skriva sjølv på datamaskina. Det gjekk ikkje so bra, fint eg har nokon som skriv dagbok for meg.

mandag 23. august 2010

lur


I ettermiddag har eg og Hanna sove på sofaen..... Og før i dag prøvde eg å drepe isbjørnen.

søndag 22. august 2010

Kvifor er leikemusa mi alltid under skatollet??




Dette er ikkje greitt. Leikemusa kjem alltid under skatollet. Og eg må åle meg under for å finna ho att.

lørdag 21. august 2010

Får eg ikkje snart mat?????

Eg sjekker oppvaskmaskina


Hanna haldt på å laga frukost, og sjølvsagt gjorde ho minst 3 ting samtidig.... Då så eg min sjanse til å hoppe oppi oppvaskmaskina. Det var ikkje spesiellt interessant, så eg hoppa ganske raskt ut att.

fredag 20. august 2010

Eg har klatrestativ!!!








No har eg prøvd klatrestativet! Det er skikkeleg tøft. Også kan eg kvesse kløra mine på stammen. Akkurat no søv eg på øvste etasje.

torsdag 19. august 2010

Eg prøvar hagen





I dag har eg vore ute i hagen. Det var kjekt. Men litt skummelt. Spesielt graset. Det var så høgt. Eg prøvde og eta, men fann ut eg skulle åle meg gjennom det. Trur nokon burde gjera det stuttere!!! Men så kom plutseleg naboen heim og då flaug eg inn. Men eg ville fort ut at. Så ope og kjekt, og så mange spanande lyder. Vonar eg snart får gå ut att. ur eg skal bli ein utepus. Her ser du nokre bileter av meg ute i graset.

onsdag 18. august 2010

Tunfisk

Hei alle som fylgjer dagboka mi
No har eg budd fyrste dagen i løkjen. Det er flott her, også får eg så mykje tunfisk. Slepp og krangle for maten, slik eg måtte før. I dag fekk eg ei lita kvit mus som liksom skulle leke med meg. Den er eg litt redd. Papirkuler er førebels favorittleiketyet. Kan hende eg skal sova på soverommet i natt. om det er tøft nok for ein barsking som meg då. Eg gler meg til eg skal få prøve meg på plenen. Eg har høyrt at dei har gode grønsaker ved plenen, eg er nemleg ei pus som et litt forskjellig slags mat. I dag har eg ete kjøttdeig, pasta, joghurt og sjølvsagt tunfisk. I tillegg nokre tørre små fiskeliknande klomper, dei er ok.

tirsdag 17. august 2010

Ny heim :)




Ja i dag fekk eg endeleg koma til den nye heimen min. Det var eit styr. Fyrst måtte eg vera i eit lite bur også kjørte eg bil. Og tunneller var frykteleg skumle!!! Så mørkt også så mykje bråk. Dei skulle vore forbode! På ferja gjekk det greit. Og omsider kom me til løkjen den nye heimen. Eg snuste og gjorde meg kjend i stua og kjøkenet, måtte sjekk om det var skikkelege saker. Det tøffe var at dei hadde tunfisk!! Det var godt etter ei lang reise. Eg har til og med bæsja! Eg saknar sølvpilen og junior. Dei er ingen stadar. Eg trudde dei skulle vere med men. jaja eg trur eg skal finna meg godt til rette hjå dei nye venene mine. Her er nokre bilete av meg dei fyrste timane i den nye heimen.

mandag 9. august 2010

Eg turner!


Hei dere
No turner eg, hehe. Og lurer litt på det dei snakker om. Når skal eg få koma til den nye heimen?? Og kvar er det? løkjen seier de? grøne øya? Hmm dette var rart.

mandag 2. august 2010

Puh, Sliiiiiten!!


Ah, no vart eg så sliten. Eg hoppar og tuller og sloss heile dagen, ikkje rart eg berre datt ihop på sofaen.
No er det berre 2 veker til eg skal ti den nye heimen. Trur eg gler meg. Litt skummelt med nye mennesker som skal passe på meg. Tøft at dei har kjøpt hoppeslott til meg!!