tirsdag 26. oktober 2010

Hei, hei att :)

Ja no er det lenge sia eg har skrive i dagboka mi. Eg har vore på feriekoloni!!! Det var kjekt altså. Men der fekk eg ikkje skrive. Men eg har vore både ein snill pus og ein umuligpus.... Dei hadde ei lampe der som hadde eit slags handtak. Og det var heilt fantastisk og turne i!!! Oppå bordet sjølvsagt. Også hadde dei nokon tøffe skuffer som eg fekk opp, og der var det skikkeleg artig og sitte oppi. Men eg var snilll pus og, om natta. Eg låg ved sida av hovudputa heile natta, untatt ei natt då eg prøvde lampa, hehe. Og no er me heime att både eg og dei som ordner for meg. Og no har eg funne ein fin avslappningsplass, nemleg oppi den eine delen av reiseburet mitt!! Det har vore ei kjekk veke. Vonar "feriekolonibestyreren" hadde det kjekt og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar