onsdag 18. august 2010

Tunfisk

Hei alle som fylgjer dagboka mi
No har eg budd fyrste dagen i løkjen. Det er flott her, også får eg så mykje tunfisk. Slepp og krangle for maten, slik eg måtte før. I dag fekk eg ei lita kvit mus som liksom skulle leke med meg. Den er eg litt redd. Papirkuler er førebels favorittleiketyet. Kan hende eg skal sova på soverommet i natt. om det er tøft nok for ein barsking som meg då. Eg gler meg til eg skal få prøve meg på plenen. Eg har høyrt at dei har gode grønsaker ved plenen, eg er nemleg ei pus som et litt forskjellig slags mat. I dag har eg ete kjøttdeig, pasta, joghurt og sjølvsagt tunfisk. I tillegg nokre tørre små fiskeliknande klomper, dei er ok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar