torsdag 29. juli 2010

Ups! Eg tok feil av do og leikeplassen

I dag måtte eg bade! Eg kom til å taka feil av do og leikeplass. Nokre uhell må eg ha lov å ha. Eg veit ikkje heilt om eg likte og bada. Det var liksom så vått. Nett slik som det er ute nokre gonger, etter at matfar seier det har kome noko dei kallar regn. Det er rart. Vått og kaldt. Det blaute som eg bada i var ikkje so kaldt. Men eg fekk frykteleg tynne bein. Og så vart eg noko dei kalla rein. Hmm so rar denne verda er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar